Møte- og konferanselokale
På jakt etter lokale til dine kurs, konferansar eller møte? Oseana har utleigelokale i alle størrelsar!
Oseana Kunst- og Kultursenter ligg idyllisk til i sjøkanten på Mobergsneset i Os – berre 20 minutt frå Flesland og 25 minutt frå Bergen sentrum. Her får du ei unik ramme for kurs, møte, seminar eller konferanse, med ulike rom og salar fordelt på heile 5 800 kvadratmeter. Vi tilbyr eit breitt utval løysingar som kan skreddarsys etter dine behov.
Vi leverer profesjonalitet i alle ledd, og tilpassar både lokale og oppleving etter dine ønskje. Våre teknikarar, vertar og serveringsansvarlege sørger for kvalitet frå start til slutt – frå det tekniske og praktiske til smakfulle måltid og smidig gjennomføring.
Det lille ekstra: Hos oss kan du krydre møtedagen med ei omvising i Grieg Kunstsamling, nyte eit betre måltid med panoramautsikt over fjorden, eller avslutte dagen med konsert, show eller teaterframsyning. Det Gode Selskap tek hand om alt av servering og bespisning gjennom dagen.
Ta gjerne kontakt for meir informasjon eller eit uforpliktande pristilbod. Kontakt Linn på e-post: linn@oseana.no eller telefon: 952 85 108.