Selskapslokale

Oseana har lokale for både små og store hendingar i ditt liv!

Skal du feire dåp, konfirmasjon eller andre merkedagar? Vil du samle gode vener til middag i festlig lag, eller er du kanskje på jakt etter det perfekte bryllupslokalet? På Oseana kan du leige lokale som passar perfekt for dine arrangement.

Oseana ligg ein halvtimes køyring frå Bergen og Flesland, og vår unike beliggenhet i strandkanten av Bjørnafjorden gjev den perfekte ramma rundt din store dag. Oseana si flotte plassering i strandkanten, gjev moglegheiter for det lille ekstra til ditt arrangement. Kva med båttransport frå Bergen, Oselvarkappløp i havna, eller til og med ein helikoptertur over Folgefonna? Avslutninga tek du på sjølvsagt på terrassen.

Frå september 2025 er det Det Gode Selskap som har overtatt selskaps- og serveringstilbodet på Oseana kunst- og kultursenter, i samarbeid med Jannike og Arild Hatland. Dei overtok etter Bergen Restaurantkantine AS, som avslutta si drift 31. august.

Det Gode Selskap leverer alt du treng av mat og drikke, sjølvsagt tilpassa dine ønske og behov. Avtal gjerne eit besøk for befaring, få menyforslag og prisar.

Kontakt: post@detgodeselskap.no / tlf. 996 42 454