The International Edvard Grieg Piano Competition

The International Edvard Grieg Piano Competition

Konsert med kandidatar frå The International Edvard Grieg Competition 2022.

Frå 27. august til 3. september 2022 deltek tretti unge og særs gode pianistar frå heile verda i ”The Edvard Grieg International Piano Competition” i Bergen. Her tevlar dei om fyrsteprisen på 30.000 Euro. Arrangementet er i hovudsak knytt til Troldhaugen og Grieghallen. I Grieghallen skjer jamvel finalen, i lag med Bergen Filharmoniske Orkester.

Takka vere god støtte frå Vestland fylkeskommune, i lag med KODE Edvard Grieg Museum Troldhaugen, vert det med denne konserten på Oseana lagt til rette for at konkurransen blir eit regionalt samarbeidsprosjekt. Konserten er eit samarbeid mellom The International Edvard Grieg Competition og Oseana kunst- og kultursenter. Hovudsponsor for konkurransen er Stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen.

Foto: Dag Fosse, KODE