
Chopin: Klaverets poet – Greg Niemczuk
Som konsertpianist er Greg Niemczuk heilt spesiell. Han knyter saman musikken han speler med ord – og forklarar dei klassiske komponistane sine verk for publikum. Niemczuk gjer den klassiske musikken lett forståeleg og underhaldande – sjølv for dei som ikkje er trente lyttarar av klassisk musikk.
Greg Niemczuk er ein av dei fremste pianistane i Polen. Han er fødd i 1985 og gjekk ut frå musikkakademiet i Katowice med høgste utmerkingar. Han blir nå betrakta som ein av verdas fremste Chopin-tolkarar og har halde konsertar i dei fleste europeiske land.
Oseana-konserten har fått tittelen ”Chopin: Klaverets poet”. Greg Niemczuk vil under konserten gje til beste eit program beståande av dei mest virtuose, dei vakraste og dei mest kjende valsane, masurkaene, nokturnane, etydane og polonesane av Frédéric Chopin.
–––––
Intimkonsert i Grieg Kunstsamling.
Varigheit: Ca 2 timar (inkludert 15 minutt pause)
Rullestolplass og ledsagarbillett: Kjøpast i resepsjonen eller ved kontakt ( 917 50 231 / resepsjon@oseana.no). Ledsagar er gratis.