Sigrid Bonde Tusvik – OND SPIRAL

Sigrid Bonde Tusvik – OND SPIRAL

Sigrid Bonde Tusvik er attende med sitt andre soloshow. Eit show som balanserer mellom sjølvopptatt sjølvpisking og pisking av andre med samfunnskritiske sidespor.

Kva gjer du når livet hamnar i ein ond spiral? Korleis reiser du deg? I ei verd som stadig ser ut som ho er på veg under, prøver Sigrid å finne svar og løysingar på korleis vi alle skal greie å finna meininga med livet. Sigrid gir deg eit forrykande show om sitt liv, underliv og andre sine levde liv.

OND SPIRAL har hausta gode kritikkar frå både publikum og meldarar. Sigrid Bonde Tusvik tar publikum med på ein kjenslemessig berg-og-dalbane som balanserer mellom latter og gråt, der ho utforskar livets små og store kriser med både humor og alvor.

Publikum beskriv showet som ei intens oppleving som både rører og underheld – ei reise der tårene kjem like lett frå latter som frå gripande augeblink. Med ei sjeldan evne til å treffe både hjartet og lattermusklane, gjer Sigrid OND SPIRAL til eit show som sit igjen lenge etter at applausen har stilna.

Showet varer i om lag 70 minutt.

Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no