
Familieverkstad: Klokkeskulpturar
Ta med familien på verkstad! Denne gongen inviterer vi små og store til å utforske eit surrealistisk univers gjennom form og fantasi, der vi lagar klokke- og draumeskulpturar.
Vi lagar fabulerande skulpturar i lufttørkande leire, med inspirasjon mellom anna frå Salvador Dali sine smeltande klokker.
Korleis kan tida sjå ut når ho renn? Kan ei klokke henge mjukt over ein kant, eller sige ned som om ho var laga av voks? Eller om sommarfuglar hadde eit menneskeauge i seg? Kanskje svevar auga fritt i rommet? Kanskje veks dei fram frå ei klokke, eit landskap eller ein ukjend skapning? Her finst ingen fasit, berre fantasi.
På verkstaden får de forme eigne uttrykk, der det verkelege møter det draumeaktige.
Pedagog Inga S. Søreide instruerer i ulike teknikkar. Verkstaden passar for heile familien. Alle får rettleiing undervegs. Alt materiale og utstyr er inkludert i prisen. Kunstverka kan takast med heim same dag.
Målet med verkstaden er at foreldre og barn skal skape og oppleve noko saman. Difor må også foreldre eller andre deltakarar kjøpe eigen billett for å dekke utstyrskostnader.
- Stad: Foaje
- Pedagog: Inga S. Søreide
- Antall plassar: 30
- Varigheit: 2 timar
—
Besøk gjerne Grieg Kunstsamling i 1. etasje før eller etter familieverkstaden. Meir
informasjon og prisar finn du her.
Mange takk til Grieg Foundation, som bringer kunstglede til store og små.
—
Mat og drikke: Oseana kafé er open kl. 12:00–21:00 denne dagen.