
Utstilling: Aurora Solberg – Marianegropa
Velkommen til utstillingsopning onsdag 11. november kl. 19.00!
Aurora Solberg kjem til Oseana med nye måleri i sin særprega og fargerike stil. Ho har dei siste åra fordjupa seg i japansk vassmålingsteknikk, og blandar naturabstraksjon og fantasilandskap i ekspressive måleri.
På opningsdagen vil Aurora sjølv vere til stades og fortelje meir om arbeidet sitt i ein sofaprat med kurator Jørgen Larsson. Opninga er open for alle, og det er gratis inngang.
Om utstillinga
I arbeida hennar finn ein gjenklang frå både Georgia O’Keeffe og Helen Frankenthalers akvarellar, kombinert med ei personleg og fargerik tolking av nihonga, det japanske måleriet.
Japanske samtidskunstnarar som Makoto Fujimura og Natsunosuke Mise har ført nihongamåleriet inn i ei moderne og abstrakt biletverd. Dei byggjer vidare på tradisjonen og teknikken, men opnar samtidig for ei fri tilnærming til form og innhald.
På same måte tek Solberg i bruk eit breitt spekter av inspirasjonskjelder, frå både den nære og fjerne naturen, og frå eldre og nyare kunsttradisjonar. Blikket hennar for form og komposisjon, saman med den sterke kjensla hennar for naturen, plasserer biletverda hennar inn i nokre av dei store dilemma i vår samtid.
Aurora Solberg om tankane bak utstillinga:
«Vatnet er det leiande elementet i prosessen. Vatnet får bevege seg fritt over papiret og føre pigmenta med seg. Papiret bøyer og beveger seg, fargane flyt saman og nye former oppstår. Eg responderer på det som skjer, og stadig nye biletverder blir til.
Marianegropa er det djupaste kjende området i verdshava, om lag 11 000 meter under havoverflata. Vi veit framleis lite om livet på dette djupet. Trykket er 1000 gonger høgare enn ved overflata, og ikkje noko sollys slepp ned. Trass i dei ekstreme forholda finst det liv der, mellom anna små krepsdyr, ormar, sjøagurkar, bakteriar og andre mikroorganismar.
Sjølv om det er mørkt, kan organismane ha ulike pigment og dermed vere raude, oransje, brune eller ha andre fargar. Nokre djuphavsdyr kan òg lage sitt eige blinkande lys.
Når eg målar, førestiller eg meg kva som kan finnast der nede. Korleis kan verda sjå ut, følast og opplevast for skapningane som lever der?
Måleria er ikkje avbildingar av naturen, men fantasilandskap, meditasjonar over korleis naturen kan oppfattast. Dersom vi kan utvikle måtar å setje oss inn i situasjonen til andre livsformer på, kan vi bli meir varsame og empatiske i omgang med miljøet vi deler med andre artar på jorda.
Det største måleriet i utstillinga er det seks meter lange, tredelte måleriet 水 Sui. I japansk buddhisme representerer elementet 水 Sui (vatn) det bevegelege, formlause og flytande i verda. Plantar er òg ein del av sui, fordi dei tilpassar seg omgjevnadene og årstidene, veks og er i stadig endring. Sui er òg knytt til menneskekroppen, gjennom blod og væsker, men også til kjensler og bevegelegheit.
Sui representerer både måleprosessen, der vatnet er eit leiande element, og motiva i måleria. Eg ser føre meg ei undersjøisk verd, med biotopar som beveger seg frå havdjupet til refleksjonane frå sola i overflata.»
Om Aurora Solberg
Aurora Solberg (f. 1987) fullførte mastergraden sin i kunst ved Kunstakademiet i Bergen i 2017, og bur og arbeider i Bergen. Ho har delteke på ei rekkje utstillingar, mellom anna Itoshima Arts Farm Festival i Japan, Visningsrommet USF, KB Contemporary, Høyersten Contemporary og Hå gamle prestegard.
I 2022 fullførte ho eit større utsmykkingsoppdrag for Bybanen i Bergen, og ho er òg kjøpt inn av KORO (kunst i offentlige rom) og Grieg Kunstsamling.
____
Velkommen til utstillingsopning onsdag 11. november kl. 19.00! Vi byr på noko godt i glaset og håpar du vil dele denne kvelden med oss!
Praktisk informasjon:
- Utstillingsperiode: 11. november til 20. desember
- Opningstider: Onsdag–søndag kl. 12.00–16.00
- Billettar: Vaksne 100 kr | Barn, studentar og honnør 50 kr. Kjøpast i resepsjonen. Gratis inngang på opningskvelden.
- Parkering: Gratis parkering rett utanfor (inntil 9 timar)
- Servering: Nyt mat og drikke hos Oseana Kafé
- Omvising: Opplev Grieg Kunstsamling saman med ein av formidlarane våre søndagar kl. 13.00. Omvisinga er inkludert i inngangsbilletten.
- Samlingsutstilling: I det store visningsrommet vårt kan du samtidig oppleve haustens samlingsutstilling, med eit utval verk frå Grieg Kunstsamling.
____
Tusen takk til Aurora Solberg og Grieg Foundation for eit godt samarbeid!