Kino: Teddybjørnens Jul

Kino: Teddybjørnens Jul

Inspirert av Alf Prøysens «Teddybjørnens vise» kjem ein morosam og sjarmerande julefilm for heile familien.

Julefreden er i ferd med å senke seg over den vesle byen, men på den lokale julemarknaden er det framleis yrande liv. Mariann er ute for å gjere eit siste ærend då ho får auge på ein teddybjørn på øverste hylle i lykkeboden. Augo deira møtest, og ho er heilt sikker på at ho ser ei rørsle. Lever han? Ja! Det er ho bombesikker på. Mariann må få tak i teddybjørnen, koste kva det koste vil! Teddy, derimot, drøymer om ein rik eigar som kan ta han med ut i den store verda. Møtet mellom Mariann og Teddy blir starten på ei overraskande og eventyrleg reise.

Årets store norske julefilm «Teddybjørnens jul» kjem frå Fantefilm, som tidlegare har produsert publikumsfavoritter som «Snekker Andersen og julenissen» og «Den vesle bygda som glømte at det var jul».

Premiere: 11.11.2022
Skodespelarar: Marte Klerck-Nilssen, Vegard Strand Eide, Mariann Hole, Jan Gunnar Røise, Kai Remlov, Marianne Krogness, Nader Khademi, Medina Iqbal, Morten Rudå
Sjanger: Familiefilm
Aldersgrense: Tillatt for alle
Regi: Andrea Eckerbom
Nasjonalitet: Norge
Språk: norsk
Produksjonsår: 2022
Distributør: Nordisk Film Distribusjon
Filmen varer 1t 20 min.