UtseldOpera ved fjorden – Sommarkonsert

Opera ved fjorden – Sommarkonsert

Rørande scener frå La bohème og latterfylte høgdepunkt frå operetten Flaggermusen er i vente når unge talent inviterer til avslutningskonsert for årets Opera ved fjorden.

Møt unge songarar, orkestermusikarar og dirigentar som ivrar etter å presentere seg sjølve i starten av karrieren! Kanskje er det morgondagens stjerner du møter for første gong?

Dette er tredje gong Bergen Nasjonale Opera arrangerer sommarakademiet Opera ved fjorden. I år blir det wienervals og muntre forviklingar med operetten Flaggermusen i ein kompakt og forkorta versjon, pluss siste akt frå den rørande operaen La bohème av Puccini. Ivar Tindberg er regissør, og Solveig Kringlebotn er også i år med som ein av dei framståande vokalpedagogane.

14 songarar skal vere i sving på scenen i kjende roller som blant andre Mimì, Rodolfo, Musetta, Prins Orlofsky og Adele. Solistane får følgje av årets akademiorkester, med 25 unge musikarar som spelar saman med proffe gruppeleiarar frå leiande symfoni- og operaorkester i Skandinavia og Austerrike. Konsertmeisteren er Maxim Brilinsky, til dagleg 1. fiolinist i Wiener Philharmoniker.

Dei tre dirigentstudentane får også prøve seg i aksjon framfor orkesteret, saman med operasjef Eivind Gullberg Jensen og dirigentkollegaen Sascha Goetzel frå Wien.

Denne avslutningskonserten varer ca. 2 1/2 time, inkludert 30 min. pause.


KVA ER SOMMARAKADEMIET?

Sommarakademiet Opera ved fjorden 24. juni - 1. juli 2023 rettar seg mot unge songarar, orkestermusikarar, repetitørar og dirigentar over 18 år som er under utdanning, eller som nyleg er ferdigutdanna. Deltakarane får arbeide med dyktige pedagogar, coachar og dirigentar - alle med erfaring frå store operahus og symfoniorkester.

Opera ved fjorden - Sommarakademi blir arrangert av Bergen Nasjonale Opera for tredje år på rad i samarbeid med Oseana kunst- og kultursenter, og er støtta av Grieg Foundation, Sparebankstiftelsen DnB, Talent Norge, Sparebankstiftelsen Sparebanken Vest og GC Rieber Fondene.