
Opera ved fjorden – Torsdagskonsert
Bli kjend med dei unge operasongarane som er utvalde til årets Sommarakademi! Denne torsdagskvelden entrar dei scenen med sine favorittariar.
Sommarakademiet Opera ved fjorden finn stad for 6. gong. Denne torsdagen får du høyre vakre og kjende ariar songarane sjølv har valt å framføre i lag med årets akademiorkester.
Kanskje er det morgondagens operastjerner du får høyre for første gong?
Akademiorkesteret har i år 35 unge orkestermusikarar, som speler i lag med sine gruppeleiarar, alle frå store operahus eller symfoniorkester. Konsertmeister er Maxim Brilinsky, gruppeleiar 1. fiolin, Wiener Philharmoniker.
Kva er sommarakademiet?
Sommarakademiet Opera ved fjorden rettar seg mot unge songarar, orkestermusikarar, repetitørar og dirigentar over 18 år som er under utdanning, eller som nyleg er ferdigutdanna. Deltakarane får arbeide med dyktige pedagogar, coachar og dirigentar – alle med erfaring frå store operahus og symfoniorkester.
Opera ved fjorden – Sommarakademi blir arrangert av Bergen Nasjonale Opera i samarbeid med Oseana kunst- og kultursenter, og er støtta av Grieg Foundation, Sparebankstiftelsen DnB, Talent Norge og GC Rieber Fondene.
__
Varigheit: ca 2 timar og 20 minutt, inkludert 30 minutt pause
Ledsagarar og rullestolar: Ledsagarar har fri inngang. Det finst eit avgrensa antal rullestolplassar tilgjengeleg. Billettar til ledsagar og rullestol får du via resepsjonen – kom innom eller kontakt oss på telefon 917 50 231 / e-post resepsjon@oseana.no
___
Matservering: Showmeny
Til dette arrangementet tilbyr vi ein eigen showmeny. Du bestiller og betalar på førehand, og får måltidet servert i kafélokala våre i 1. etg. før arrangementet. Møt opp ca 2 timar før.
Bestilling/kjøp skjer gjennom billettsystemet. Når du kjøper billettar, vil du få tilbod om å legge til matprodukt. Du kan òg etterbestille mat etter du har kjøpt billettane (lenke under). Frist for matbestilling: innan kl. 11:00 dagen før arrangementet.
Maten blir levert av Det Gode Selskap.
Klikk her for å kome direkte til matbestilling for dette arrangementet.
Bordønske, allergiar o.l.: Ta kontakt med post@detgodeselskap.no – innan kl. 11:00 dagen før arrangementet. Hugs å oppgi dato for reservasjon og namnet ditt.