Godbitar for cello og piano

Godbitar for cello og piano

Cellisten Aage Kvalbein og pianisten Reidun Askeland inviterer til ein stemningsfull konsert i Grieg Kunstsamling med ikoniske verk frå dei store komponistane. 

Publikum får òg høyre kjære og gjenkjennelege melodiar frå andre sjangrar enn den klassiske, framførte med varme, musikalitet og speleglede.

Biografi

Aage Kvalbein er professor i cello ved Noregs musikkhøgskule, der han har vore tilsett sidan 1980. Han har halde meir enn to og eit halvt tusen konsertar sidan debutkonserten i 1973. Turnéane har ført han til dei fleste europeiske landa, i tillegg til USA, Mexico, Guatemala, Chile, Argentina, Uruguay, Russland, Midtausten, Kina, Hongkong, Singapore, Sør-Korea og Filippinane.

Ved sida av sitt faste ensemble, Oslo Trio, har han musisert i eit utal kammermusikalske samanhengar. Han har vore solist med orkester og halde eigne solokonsertar. Han har òg samarbeidd med jazzmusikarar, visesongarar, popartistar og folkemusikarar.

Utdanninga si har han frå Oslo, USA (Master of Music, 1969), Tyskland (solisteksamen, 1974) og kortare opphald i Basel og London. Mellom lærarane hans finn vi Paul Tortelier, Mstislav Rostropovitsj og William Pleeth.

Kvalbein har vunne internasjonale musikkonkurransar i Essen, Helsinki og München, og har her heime motteke Strykarprisen, Griegprisen, Debutantprisen, Kritikarprisen og Spellemannprisen tre gonger.

Gjennom åra har han fått ei rekkje verk dedikerte til seg og medverka på meir enn 40 plateinnspelingar.

Reidun Askeland er fødd og oppvaksen i Bergen, like ved Grieg sitt heimstad Troldhaugen. Ho har framført store delar av musikken hans, men har òg eit omfattande repertoar med verk av andre komponistar, både som solist, saman med songarar og som kammermusikar med strykarar og blåsemusikarar.

Ho meistrar ei rekkje sjangrar og har gjennom mange år opptrådt i kabaretformat saman med skodespelarar og trubadurar frå Noreg og England.

Askeland har motteke nasjonale og internasjonale prisar, mellom anna Robert Levins Festspillpris og «Best Edition of the Year» under MIDEM-festivalen i Cannes i Frankrike. Ho har gjort ei rekkje CD-innspelingar, medverka jamleg i radio og fjernsyn, og halde konsertar i Europa, USA og Asia.

Utdanninga si har ho frå Noregs musikkhøgskule, Guildhall School of Music and Drama i London og Manhattan School of Music i New York. Gjennom karrieren har ho undervist ved Noregs musikkhøgskule og Barratt Due musikkinstitutt.

____

Varigheit: Ca 1 time 

Rullestolplass og ledsagarbillett: Kjøpast i resepsjonen eller ved kontakt ( 917 50 231 / resepsjon@oseana.no). Ledsagar er gratis.