
Musikalsk Tapas
Tapas Music består av to av Noregs mest allsidige musikarar. I denne konsertframsyninga tek dei publikum med på ei musikalsk reise i ord og tonar, frå fjerne himmelstrøk til heimlege trakter, frå det storslåtte og energiske til det stille og nære, og frå klassisk virtuositet til tekstnære norske viser.
Tapas Music byr på eit mangfaldig og smakfullt musikalsk festmåltid, med musikalitet på høgt nivå, vokal eleganse, teknisk virtuositet, humor og varme. Resultatet er ei framsyning som både underheld, imponerer og rører.
Songar og musikar Jan-Tore Saltnes er best kjend frå sine 22 år som medlem av den humormusikalske trioen Nordic Tenors. Med trioen har han vunne Komiprisen, vore kongeleg toastmaster for H.M. Kongen og vore med på opninga av Operaen i Bjørvika.
Diana Moisejenkaite er ein prisvinnande fiolinist som har turnert både i Noreg og internasjonalt. Ho har spelt med mellom andre KORK og Den Norske Opera, i tillegg til artistar som Chris Holsten, Dagny og Morten Abel.
Her kan publikum lene seg tilbake og la tonar, ord og musikk fylle rommet. Det blir både mosjon for lattermusklane og balsam for øyra, i ei konsertframsyning fylt med humor, varme og musikalske høgdepunkt.
___
Varigheit: Ca 75 minutt
Servering: Gjer kvelden komplett med ein god middag eller noko godt i glaset før arrangementet. Oseana Kafé held ope fram til arrangementsstart, og kjøkkenet stenger éin time før. Sjå meny og bestill bord på www.oseanakafe.no
Rullestolplass og ledsagarbillett: Kjøpast i resepsjonen eller ved kontakt ( 917 50 231 / resepsjon@oseana.no). Ledsagar er gratis.