Båsen og Breivik

Båsen og Breivik

To heilt ulike kunstnarskap frå kvart sitt århundre møtes med kvart sitt monumentale kunstverk i Oseanasalen denne sommaren. Bjørn Båsen (1981) er ein av våre mest anerkjende kunstnarar i sin generasjon, mens Ragna Breivik (1891–1965) enno er ukjent for dei fleste. I utstillinga vises Båsens 10 meter lange Sagafrisen og Breiviks 10 store tepper som fortel sagnet om Åsmund Frægdajevar.

Bak begge desse massive kunstverka ligg årevis med nitidig arbeid. Båsen har brukt ni år (2013–2022) på de sju oljemaleria som til saman utgjer frisen. Maleria hans har i ei årrekkje fascinert publikum med ein enorm detaljrikdom og overflateskimrande gjengjeving av dyrebare materialer som gull og porselen, med djupe lag fylt med symbolikk og historie. Med Sagafrisen har han vekka til live det tradisjonelle historiemaleriet, med estetikk henta like mykje frå MMORPG-er som f.eks. World of Warcraft og fantasy som barokk-maleriet. Dei referansefylte lerreta fortel historia om Napoleonskrigen og danninga av det moderne Norge på ein måte vi aldri har sett før.

Tekstilkunstnaren Ragna Breivik, frå Fana utanfor Bergen, via store delar av livet og arbeidet sitt til å veve store tepper basert på Gerhard Munthes motiv. Ho var friare i si tolkning av Munthe enn mange andre Munthe-vevarar og teppa hennar har ein dybde og kompleksitet i fargenyansane som er heilt særeigne.

Breiviks første teppe i serien om Aasmund Frægdajevar, var ferdig i 1925, det siste i 1949. Serien består av 10 tepper, kvart av dei 3 meter breide. Gerhard Munthe (1849–1929) gjekk djupt inn i middelalder-estetikken og skapte eit egenarta uttrykk med ei blanding av historiske referansar, ornamentikk frå folkekunsten og jugendstil. Fleire vevarar laga tepper av motiva hans, bl.a. Augusta Christensen og Frida Hansen, og Munthes kartongar blei også solgt gjennom Husfliden.

Breiviks unike bidrag ligg i at ho ikkje berre kopierte Munthe, men omgjorde bileta til eit uttrykk som var spesifikt for hennar vevkunst og materialet ho nytta. Hennar djupe kunnskap om heile produksjons-kjeden, frå val av ulltype, via karding og spinning, til farging, tvinning og tilslutt dei ulike veveteknikkane, gjorde henne istand til å videreutvikle vevtradisjonen i Norge som få andre.

Då ho endelig var ferdig med teppeserien i 1949, etter 25 års arbied, uttalte ho  til Bergens Tidende:

Det er ei mektig folkevisa, denne um Åsmund Fregdegjævar. Tenk over innhaldet, det er heile vår
nasjonale eksistens-kamp som vert skildra. Det er folkesjeli som talar ut or den gamle visa med visdom um sine eigne trengslor, sin eigen lengsel, sin eigen strid og med von um siger. Med kunnskap um dei gode og dei vonde makter.

Ragna Breivik til Bergens Tidende, 20. mai 1949
Takk til Hordamuseet for lånet av teppene til Ragna Breivik.
Utstillinga er støtta av Greig Foundation.