Få bill.Chopin og Grieg -to musikalske brødre. Klaverkonsert med Greg Niemczuk

Chopin og Grieg -to musikalske brødre. Klaverkonsert med Greg Niemczuk

Greg Niemczuk til Oseana for femte gong!

Konsertpianisten Greg Niemczuk er godt kjend for konsertpublikummet i Oseana. Kveldens konsert er hans femte her i kunst- og kultursenteret!

Greg har ei verdsomspennande karriere og nesten 20 års erfaring som klassisk konsertpianist. Han har halde meir enn 500 konsertar i 36 land over heile verda og på alle kontinent.

Pianisten vil denne gongen gjeste oss med sitt nye konsert- program «Chopin og Grieg; to musikalske brødre». I konserten vil Greg fokusere på likskapane mellom Chopin og Grieg. Konserten vil hovudsakleg innehalde musikk dei to komponistane skreiv som var inspirert av og basert på folketonar og folkedansar. I 2. avdeling vil Greg spele Grieg sin E-moll-sonate og Chopin sin sonate nr. 3 - dei to komponistane sine meisterverk.

Greg Niemczuk er høgt respektert av musikkritikarane. Og ikkje minst er han elska og beundra av eit stort publikum for sitt poetiske og følsame spel og for sin lidenskapelege virtuositet. Noreg er blant hans favorittland og han opptrer kvart år i meir enn 30 forskjellige byar og tettstader i heile Noreg. Uoffisielt er han den mest turnerande pianisten i Noreg.

Som konsertpianist er Greg Niemczuk heilt spesiell – ulik andre pianistar. Han knyter saman musikken han speler med ord – og forklarar komponistane sine verk for publikum. Derfor er han beundra og elska ikkje berre for sitt spel, men også for si evne til å få kontakt med publikum og for å gjere den klassiske musikken lett forståeleg og underhaldande - sjølv for dei som ikkje er trente lyttarar av klassisk musikk.

Greg Niemczuk har gjennom sin karriere vunne mange klaverkonkurransar bl.a. i New York (Carnegie Hall Debut Competition), i Warszawa (Den nasjonale Chopin-konkurransen 2010), i Belgia og i Italia.

Greg er også svært aktiv på internett og via YouTube gjer han klassisk musikk populær blant musikkelskarar over heile verda. Videoane hans om alle Chopin sine verk for piano som blei spelt inn i åra 2020-21 er allereie sett av meir enn 1 million menneske over heile verda.

Konserten varer ca 2 t. med pause.