Utseld

Circus Absence – Ekstraforestilling

Halsbrekkjande og morosam sirkusframsyning for heile familien!

Velkomen til ei heilt spesiell og spinnvill sirkusoppleving på Oseana!
Absence Crew har teke små og store publikummarar med storm, med sine energifylde og underhaldande breakeshow. No har dei slått seg saman med koreograf Jo Strømgren, som er kjend verda over for sine oppfinnsame og ofte komiske danseframsyningar.
Møt dei tussete klovnane, dei siamesiske tvillingane, den mystiske magikaren og dama med skjegg – og bli med å ta rotta på den sleipe direktøren og hans assistent, gorillaen.

Circus Absence er historia om eit suksessrikt sirkus som tar pusten frå publikum. I skuggen av dei fantastiske artistane står ein fattig ryddegut med ein stor draum om å få bli med i manesjen. Når det viser seg at den griske direktøren er ein stor svindlar, er det nettopp ryddeguten som tar affære - og det blir eit spektakulært oppgjer!

Absence Crew er kåra til norgesmestre i breaking og er kjend frå Norske Talenter og Mitt Dansecrew på TV2. Dei har produsert ei rekke kritikarroste og populære teaterframstillingar kor breaking står i sentrum. Dei har også medverka i fleire av DNS’ familieframsyningar dei siste åra.

Anbefalt: frå 5 år
Varer ca 1 time

Sagt om framsyninga:

«Avslutningsnummeret! Det er rett og slett fantastisk!» Elin Reisæter, Barn i byen

«I denne forestillingen får Absence Crew virkelig vist at en kan lage et stort kunstverk med utgangspunkt i breakdance…» Maja Sievers Skanding, Periskop

Medverkande:

Av og med Absence | Regi: Jo Strømgren | Kostymedesign: Linn Therese Michelsen | Maskedesign: Mette Noodt | Lysdesign: Einar Bjarkø | Lyddesign: Bjarte Våge | Foto: Jarle Moe/Andreas Roksvåg | Dramaturg: Morten Kjerstad

Framsyninga er eit samarbeid med Dansenett Norge