
Delta presenterar: Foredrag med Geir Aker
Delta Bjørnafjorden inviterar til eit inspirerande foredrag med Geir Aker, også kjent som «Fenriken» frå Kompani Lauritzen.
I 2020 vart Geir Aker eit fenomen over natta då han dukka opp i publikumssuksessen “Kompani Lauritzen”. Som kompaniets fenrik leda han deltakarane gjennom programmet med disiplin, tydeligheit og ei stødig hand. Denne kunnskapen lar seg overføre frå det militære til det sivile – disiplin, meistring og utvekling er nokre av favoritt-tema til Geir Aker, og han elskar å formidle dette i sine foredrag.
Gratis for Delta-medlemmar:
Som medlem i Delta kan du få 1 stk billett heilt gratis. Slik gjer du: Vel billettkategori «Delta-medlem», og legg inn kampanjekoden din i kassen før betaling. Maks 1 billett per person. Kampanjekoden får du tilsendt per mail frå Delta.
Ikkje-medlemmar betalar ordinær pris.
Er du ikkje medlem enda, kan du enkelt melde deg inn her: https://www.delta.no/medlemsfordeler/bli-medlem
Vi gjer oppmerksam på at allereie kjøpt billett ikkje er refunderbar.
___
Varigheit: om lag 60 minutt
Eit avgrensa antal rullestolbillettar er tilgjengeleg. Ledsagarar får gratis inngang. Billettar til rullestolar og
ledsagarar får du via vår resepsjon. Kom innom eller kontakt oss på telefon 917 50 231 / e-post resepsjon@oseana.no . Vår ordinære opningstid er onsdag–søndag kl. 12:00–16:00.