
Den lille store reisen
Ein stor ballong flyg høgt på himmelen, høgare og høgare mot månen og stjernene. Saman med den lille fuglen Kiwi, tar barn og vaksne fatt på eit eventyr i ein varmluftsballong for å utforska universet og la draumen om å kunne fly kome til live.
Kvar dag i eit barns liv er full av nye opplevingar; dei utforskar verda steg for steg. Framsyninga er inspirert av måten barna tenkjer på, stiller spørsmål, møter nye ting, menneske og situasjonar. Deira assosiasjonar overraskar stadig, barnas fantasi er stor og ubegrensa, akkurat som universet! Den lille kiwien er som eit lite barn; med opent sinn, nysgjerrig og full av energi.
I trygge og koselege omgivnader inviterer Open Window Theatre til utforsking av sansar med farger, former, lydar og til og med smakar. Dette er eit unikt høve for de vaksne til å sjå barna i ein ny sosial og kreativ situasjon, som kan byggje sterkare band mellom dei små og store.
Skodespelar og kunstnerisk leiar i Open Window Theatre, Dominika Minkacz-Sira, har invitert Alicja Morawska-Rubczak, ein polsk regissør og scenograf med lang fartstid innan teater dedikert til dei aller minste. Gjennom myke elektronikamelodiar gir musikken til Jostein Avdem Fretland framsyninga ein ambient og eventyrleg atmosfære.
Med eit moderne uttrykk lager Open Window Theatre figurteater i ein frisk kombinasjon av skodespel, dokkeføring og musikk. Ved å samarbeide med kunstnarar frå ulike land og kulturar får framsyningane eit internasjonalt språk og tematikk som utfordrar publikums fantasi, opner vindauge og utvidar horisonten.
“Forestillingen er en perle. Det er en oppdagelsesreise både for publikum, fuglen Kiwi og skuespilleren”
-BA, januar 2018
“En sanselig og varsom forestilling som utvider teaterrommet. (…) Open Window Theatre er en av de sentrale kvalitetstilbyderne i byens barneteaterliv og en viktig formidler av figurteatertradisjonen”
-Barn i Byen, januar 2018
“…for Open Window Theatre tilbyr kanskje den beste scenekunsten for barn i Bergen”
-Bergens Tidende, september 2017
Regi: Alicja Morawska-Rubczak. Scenografi og kostyme: Barbara Malecka. Musikk: Jostein Avdem Fretland. Skodespel og dokkeføring: Dominika Minkacz-Sira. Lysdesign: Jon Eirik Sira. Produsent: Ingrid Saltvik Faanes og Dominika Minkacz-Sira.
Passar for barn frå 1-4 år.
Framsyningslengde: om lag 30 minutt.
Rullestolplass og ledsagerbillett kan
kjøpast i resepsjonen eller pr tlf 917 50 231.