Duo Amasia

Duo Amasia

Duo Amasia med eit program med klassisk musikk inspirert av populærmusikk
Nora Amanda Gundersen, gitar og Laura Matz, fløyte

PROGRAM:
Dos Aires Candomberos M. D. Pujol

Bachianas Brasileiras nr 5
Distribucao de flores H. Villa-Lobos

Amasia L. Boutrous

Danza triste
Andaluza E. Granados

Springdans
Vals
Arietta
Alvedans E. Grieg

6 rumenske folkedanser B. Bartok

Den norske gitaristen Nora Amanda Gundersen og den franske fløytisten Laura Matz studerte musikkpedagogikk saman ved CEFEDEM i Metz, Frankrike. Dei spelar variert musikk som gjev dei speleglede, og som får publikum til å kjenne at dei får reise ut i verda og oppleve stilartar og eit klangleg uttrykk som ofte er inspirert av tradisjonell musikk frå ulike land.
Sidan 2017 har duoen opptredd både i Noreg og Frankrike. I 2019 vann dei 2. pris i kammermusikk-konkurransen Concours National de Musique de Chambre de Remiremont, og dei spelte opningskonserten på festivalen «Grand est’ival de guitare» i Strasbourg.

Konserten varer ca 1 time