Erlend Ropstad – solokonsert

Erlend Ropstad – solokonsert

Erlend Ropstad slepp ny musikk på nyåret i 2026 og drar i samband med dette på turné med solokonsertar over heile landet. Opplev han i intimkonsert i Grieg Kunstsamling på Oseana! 

Billettsalet startar tysdag 21. oktober kl. 10:00. 

I februar 2006 kom eit debut-minialbum med ein artist som heitte Erlend Ropstad ut. Han låt som ein singer-songwritar, skreiv smått melankomiske songar på engelsk og flere spurde seg; treng vi fleire av desse artistane her?

Dette er 20 år sidan, når vi skriv 2026 – noko som betyr 20-årsjubileum for ei suksesshistorie innan norsk musikk, med ein artist som utvilsomt har eit heilt eige kunstnerisk uttrykk i dag.

Veldig få, om nokon, beherskar å skrive rock på norsk med så høg kvalitet – noko både presse og spellemannsjuryar har stelld seg bak.

Ropstad har sakte bygd opp ei trufast tilhengarskare over heile landet på den gode gamle måten: ved å skrive gode låtar som folk tar til seg, og ved å spele mange konsertar. Det har blitt eit firesifra antall konsertar i løpet av desse 20 åra og til vinteren legg han til ca 40 nye – med ein soloturné som dekker heile landet, så godt som samtlege fylker, små og store byar.

Konserten skjer i det nydelege gallerirommet i Grieg Kunstsamling på Oseana, med kunsten og fjorden som bakteppe.

Rullestolar og ledsagarar: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen, eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no