UtseldBjørn og Bjarte – den tøffe og den sarte

Bjørn og Bjarte – den tøffe og den sarte

Bjørn Eidsvåg og Bjarte Tjøstheim på turné  – latter, musikk og eit streif av nåde

To av Noregs mest folkekjære kunstnarar, Bjørn Eidsvåg og Bjarte Tjøstheim, slår seg saman for ein heilt spesiell turné. Med ein unik kombinasjon av varme, humor og musikalsk kvalitet, inviterer dei publikum til ein kveld fylt med både latter, undring og ettertanke.

Eidsvåg og Tjøstheim har kjent kvarandre i fleire år. Dei har tøysa og tulla saman i Radioresepsjonen, og Bjørn har gjesta Bjartes TV-serie Presten, der han mellom anna spela ei lettare forfylla utgåve av seg sjølv.

No forener dei krefter, vidd og det vesle dei har av visdom, i ei felles framsyning. Det skal vitsast og raljerast, men dei skal òg gjere eit forsøk på å reflektere over små og store spørsmål, undring er dei gode på. Begge har ei kyrkjeleg bakgrunn, begge har kjent på tru og tvil, og begge veit korleis det er å kome til kort. Dei er både tøffe og sarte, og ikkje minst gode på å felle nådelause dommar over seg sjølve. Samstundes jagar dei etter nåden, etter nokon som kan tole dei slik dei er.

Publikum kan vente seg ei framsyning fylt med latter, musikk og ettertanke. Eidsvågs eminente band vil sørge for musikalsk tyngd, og Tjøstheim vil òg bidra med sine rytmiske ferdigheiter. Om det blir oppbyggjeleg og sjelsettande, veit ein ikkje. Men kjedeleg blir det definitivt ikkje, til det er framsyninga for kort.

Varigheit: ca 80 minutt

Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no

___

Matservering: Showmeny

Til dette arrangementet tilbyr vi ein eigen showmeny. Du bestiller og betalar på førehand, og får måltidet servert i kafélokala våre i 1. etg. før arrangementet. Du kan møte opp 1–2 timar før arrangementet startar.  

Bestilling/kjøp skjer gjennom billettsystemet. Når du kjøper billettar, vil du få tilbod om å legge til matprodukt. Du kan òg etterbestille mat etter du har kjøpt billettane (lenke under). Frist for matbestilling: innan kl. 11:00 dagen før arrangementet.

Maten blir levert av Det Gode Selskap.

Klikk her for å kome direkte til matbestilling for dette arrangementet.

Bordønske, allergiar o.l.: Vil du sitte ved same bord om nokon i ei anna bestilling? Vil du opplyse om allergiar? Vil du avbestille? Ta kontakt med post@detgodeselskap.no – innan kl. 11:00 dagen før arrangementet. Hugs å oppgi dato for reservasjon og namnet ditt.

Les meir om mat og drikke på Oseana her.