
Faen då, Martha! – med Martha Leivestad
Martha Leivestad kjem med sitt aller første soloshow. «Faen då, Martha!» tar for seg eit liv fylt med kaotisk dating, ein forsvunnen sjølvrespekt og jaget etter mannleg bekrefting. Kvifor og korleis havna ho her?
Med kompromisslaus humor og absurde ærlege opplevingar, inviterer ho publikum til ein kveld dei mest sannsynleg, men forhåpentligvis ikkje, kjenner seg igjen i!
Regi: Caroline Johansen
Manus: Martha Leivestad og Karoline Abrahamsen
—
Varigheit: ca 75 minutt
Rullestolplass og ledsagarbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no