Harm & Hegseth – 10 år med podd, p(an)ikk og psykiatri

Harm & Hegseth – 10 år med podd, p(an)ikk og psykiatri

Harm & Hegseth feirar 10 år som offentlege kjerringar i konstant livskrise. No legg dei ut på sin største Norges-turné nokonsinne!

I 2026 fyller landets mest høglytte og lavkulturelle podcast 10 år, og det skal feirast med ein nasjonal turné av uanstendige proporsjonar.

«Ti år med kjendisbitching, homosladder, horeri, hudpleie, realityhelvete, runkekoppar, Ray-Bans på avveie og ufrivillig vaksenliv har ført oss hit: eit sceneshow som oppsummerar alt vi elskar og fryktar», uttalar den ikoniske duoen.

«Og nei, vi har framleis ikkje barn. Men vi har framleis kvarandre. Og mikrofonane våre. Og FantaExotic», legg dei til.

Så om du er podfan, passiv-aggressiv tante, latent homofil, eller berre elskar show med for mykje lys, lyd og laber impulskontroll er dette showet for deg!

Dette er jubileet du ikkje visste at du trengte – men som du kjem til å le deg svett av!

Presentert av Stageway og All Things Live Norway. 

___

Varigheit: om lag 90 minutt

Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no

___

Matservering: Showmeny

Til dette arrangementet tilbyr vi ein eigen showmeny. Du bestiller og betalar på førehand, og får måltidet servert i kafélokala våre i 1. etg. før arrangementet. Du kan møte opp 1–2 timar før arrangementet startar.

Bestilling/kjøp skjer gjennom billettsystemet. Når du kjøper billettar, vil du få tilbod om å legge til matprodukt. Du kan òg etterbestille mat etter du har kjøpt billettane (lenke under). Frist for matbestilling: innan kl. 11:00 dagen før arrangementet.

Maten blir levert av Det Gode Selskap.

Klikk her for å kome direkte til matbestilling for dette arrangementet.

Bordønske, allergiar o.l.: Vil du sitte ved same bord om nokon i ei anna bestilling? Vil du opplyse om allergiar? Vil du avbestille? Ta kontakt med post@detgodeselskap.no – innan kl. 11:00 dagen før arrangementet. Hugs å oppgi dato for reservasjon og namnet ditt.

Les meir om mat og drikke på Oseana her.