
Familieverkstad: Klokkeskulpturar
Ta med familien på verkstad! Denne gongen lagar vi skulpturar i lufttørkande leire, med inspirasjon frå Salvador Dali sine klokker.
Pedagog Inga S. Søreide instruerer i ulike teknikkar. Alle får rettleiing undervegs. Alt
materiale og utstyr er inkludert i prisen. Kunstverka kan takast med heim same dag.
Målet med verkstaden er at foreldre og barn skal skape og oppleve noko saman. Difor må også foreldre eller andre deltakarar kjøpe eigen billett for å dekke utstyrskostnader.
- Stad: Foaje
- Pedagog: Inga S. Søreide
- Antall plassar: 30
- Varigheit: 2 timar
—
Besøk gjerne Grieg Kunstsamling i 1. etasje før eller etter familieverkstaden. Meir
informasjon og prisar finn du her.
Mange takk til Grieg Foundation, som bringer kunstglede til store og små.
—
Oseana kafé er open kl. 12:00–16:00 denne dagen.