Familieverkstad: Stemningsfulle landskapsmåleri

Familieverkstad: Stemningsfulle landskapsmåleri

I denne familieverkstaden utforskar vi stemningsfulle landskap inspirert av kunstnarar som Nikolai Astrup, Ludvig Karsten, Harald Sohlberg og Edvard Munch.

Vi arbeider med korleis naturen kan uttrykke kjensler og indre stemningar, og korleis lys, fargar og komposisjon kan skape ei nesten mystisk oppleving.

Velkommen til ein kreativ og hyggeleg familieaktivitet!

___

Om familieverkstadene:
Pedagog Inga S. Søreide instruerer i ulike teknikkar. Verkstaden passar for heile familien, og alle deltakarar får rettleiing undervegs.

Alt materiale og utstyr er inkludert i prisen, og kunstverka kan takast med heim same dag.

Målet er at foreldre og barn skal skape og oppleve noko saman. Difor må også vaksne deltakarar kjøpe eigen billett for å dekke utstyrskostnader.

Inkludert inngang i Grieg Kunstsamling

Som deltakar på familieverkstadene får du også fri inngang til Grieg Kunstsamling, der de kan utforske kunsten på Oseana saman. (Ordinær inngangspris er kr 100 for vaksne og kr 50 for barn.)

Stad: Foaje
Pedagog: Inga S. Søreide
Antall plassar: 30
Varigheit: 2 timar
Pris: 140,-

___

Arrangementsbiletet er måla av Inga S. Søreide.