Få bill.Familieverkstad: Teikning –  I skogen og hagen

Familieverkstad: Teikning – I skogen og hagen

Biologisk mangfold er viktig for jorda, og på verkstaden studerar me dette mangfoldet nærere. Kva finnast i skogen, i gamal urskog eller nede i graset i hagen vår? Kva er det som surrar og flyg frå blome til blome?

Me teiknar nærbilete av insekter, vekster og anna frå naturens mangfold.

Velkommen til ein kreativ og hyggeleg familieaktivitet!

___

Om familieverkstadene:
Pedagog Inga S. Søreide instruerer i ulike teknikkar. Verkstaden passar for heile familien, og alle deltakarar får rettleiing undervegs.

Alt materiale og utstyr er inkludert i prisen, og kunstverka kan takast med heim same dag.

Målet er at foreldre og barn skal skape og oppleve noko saman. Difor må også vaksne deltakarar kjøpe eigen billett for å dekke utstyrskostnader.

Inkludert inngang i Grieg Kunstsamling

Som deltakar på familieverkstadene får du også fri inngang til Grieg Kunstsamling, der de kan utforske kunsten på Oseana saman. (Ordinær inngangspris er kr 100 for vaksne og kr 50 for barn.)

Stad: Foaje
Pedagog: Inga S. Søreide
Antall plassar: 30
Varigheit: 2 timar
Pris: 140,-