Fugleterapi – Teiknekurs med Katrin Berge
I teiknekurset «Fugleterapi» fordjupar vi oss i fuglane si fantastiske verd gjennom teikning.
Eit langbord blir dekka på med tørka botanikk, utstoppa fuglar, flotte fuglebøker med foto og teikningar, samt profesjonelt teikneutstyr. Vi har avslappande bakgrunnsmusikk med fuglekvitter, kaffi/ te og enkel snacks. Alle deltakarar får god individuell veiledning på teikning. Kurset krever ingen forkunnskap, alle kan delta uansett kva nivå dei ligg på teikneteknisk.
Kunstnar og kursleiar Katrin Berge er svært glad i fuglar og brukar dei mykje i sin kunstnarskap.
Varer: 4t
Passar for vaksne over 18 år.
Kursavgifta inkluderer teiknesaker og lett servering.