Funtrain to Nowhere – Jim Darbu

Funtrain to Nowhere – Jim Darbu

Utstillingsopning og kunstnarsamtale laurdag 6. november kl. 14.00

Dersom du vel å tre inn i Jim Darbu si verd, er det like greitt å akseptera premissane og bli med i forteljinga. Dette er eit univers der underfundige historier utspelar seg, der merkelege skapningar regjerer, og skuggane lever sitt eige liv. Det er så innbydande, vi blir lokka nærare av dei reine, klare fargane, av leiken i forma og av det tilsynelatande enkle. Først idet vi har late oss forføra, innser vi at det finst eit alvor i leiken, at døden, også her, lurar bak neste sving.

Det er tydeleg at Darbu er inspirert av fiksjon, av populærkultur, animasjon og teikneseriar. Frå dette skaper han ein eigen mytologi der dei store linjene i tilværet er til stades. Som fablar og folkeeventyr har skulpturane allegoriske kvalitetar, dei kommenterer og stiller spørsmål ved det menneskelege tilværet.

Darbu er keramikar, men i skulpturar og installasjonar nyttar han seg også av andre materiale og teknikkar, som sement, epoksyleire, silikon og 3D-printing. Innanfor eit stilisert, men klart figurativt formspråk, yndar han å portrettera det vulgære og det underfundige. I tillegg driv han ei form for surrealistisk dekonstruksjon, der kroppsdelar vert plukka frå kvarandre og samansette igjen på uventa måtar.

Og når vi sit der, i det vesle, fargerike toget, med følgje av hysterisk, støyande musikk, kan det henda at vi innser at det slett ikkje tar oss med til den neste attraksjonen, at nokon har forgifta sukkerspinnet og losna skruane i karusellen.

Jim Darbu (fødd 1981) er utdanna ved Kunsthøgskolen i Oslo, og arbeider med skulptur i keramikk og andre materiale. Arbeida hans er blant anna innkjøpt av Nasjonalmuseet, Bergen Kunstmuseum og Oslo kommune.