Håkon Gullvåg – Sommerutstilling 2016

Håkon Gullvåg – Sommerutstilling 2016

Griegsamlingen består av mange av de mest markante verka i norsk kunsthistorie. I denne utstillinga vil vi presentere nokre av dei eldste maleria vi har i Noreg, av Johannes Flintoe (1787-1870), I.C. Dahl (1788-1857), Adolph Tidemann (1814-1876) og  Hans Fredrik Gude (1825-1903).
Vi gjer dette, ikkje berre for å vise desse fantastiske meisterverka i ei ny ramme, men òg for å minne om tida då Noreg var ein delstat av Sverige. Naturen og bondekulturen var då ein viktig bestanddel i arbeidet med å mane fram ei felles nasjonal kjensle. Denne naturen er framleis Noreg sin stoltheit og internasjonale merkevare, men er det denne som representerer oss best som nasjon i 2016? Kanskje ja, kanskje nei.