Hymne til kjærleiken

Hymne til kjærleiken

Aage Kvalbein - cello
Maren Myrvold - sopran
Marita Kjetland Rabben - piano

Tittelen "Hymne til kjærleiken" er henta frå Edit Piafs "Hymne de l'amour", i Johannes Gjerdåkers norske gjendikting. Programmet er sett saman av songar og stykke som på ulike måtar omhandlar kjærleik – vill forelskingsrus, kjærleik til naturen og ikkje minst knuste hjarte!

Musikarane har rearrangert stykke av mellom anna Gardel, de Falla, Piaf, Massenet og Fauré for alle tre instrument. Kvalbein og Kjetland Rabben framfører stykke av Grieg, Ravel og Cassado, og Myrvold framfører Schumann og Strauss-lieder om svik, frykt og forsmådd kjærleik.

Om musikarane:

Aage Kvalbein er rekna som ein av våre fremste musikarar i dag. Han har turnert over heile verda og har over 40 plateinnspelingar bak seg. I 1985 vart han professor i cello, og han har undervist ved Noregs Musikkhøgskule i ei årrekkje. Kvalbein har vunne ei rekkje prisar, mellom anna Spellemannsprisen og Grieg-prisen.

Maren Myrvold er utdanna klassisk songar og operasongar, og arbeider innen teater, opera og musikkteater. Myrvold er oppteken av tverrfaglege samarbeid på tvers av kunstform og sjanger, og av å finna nye rammer for den klassiske musikken. Saman med Marita Kjetland Rabben har ho duoen Mardraum, som utforskar dette aspektet gjennom eigne konsertproduksjonar.

Marita Kjetland Rabben er aktiv som solist, kammermusikar og akkompagnatør. Ho har fleire faste ensemble, og produserer også eigne tverrkunstnariske framsyningar. Under masterstudia fordjupa Marita seg i russisk musikk, og i 2011 debuterte ho som solist med Trondheim Symfoniorkester i Rachmaninovs 2. klaverkonsert.

Musikarane framfører dessutan eit utval songar og stykke frå vise- og tangorepertoaret, som på ulikt vis speglar kjærleikens mange sider.

Konserten varar ca 1 time.