Kanskje du er frisk? -Av og med fastlege og forfattar Kaveh Rashidi

Kanskje du er frisk? -Av og med fastlege og forfattar Kaveh Rashidi

Bestseljande forfattar og fastlege Kaveh Rashidi skreiv den kritikarroste boka "Kanskje du er frisk?", som tek eit oppgjer med alt det unødvendige vi gjer for helsa vår.
Nordmenn har aldri vore friskare, likevel brukar vi meir tid og pengar enn nokon gong på å bli endå sunnare. Kaveh går nærare inn på dette paradokset og forklarar skilnaden på god medisin og humbug. Den eine dagen er det raudt kjøt og poteter som er farleg, den neste er det strålinga frå høgspentmaster. Denne torsdagskvelden vil Kaveh Rashidi læra deg å skilja dei gode råda frå dei dårlege.