Magic Men – World Tour 2026

Magic Men – World Tour 2026

Magic Men har allereie selt meir enn 1 million billettar verda over – og no er verdas største Ladies Night for aller første gong klar til å innta Os!

Det skjer med eit heilt nytt liveshow, skapt for å treffe hardare, djupare og villare enn nokon gong før. I front står den internasjonale superstjerna Will Parfitt – hans ikoniske framføringar har passert over 2 milliardar visningar på TikTok og gjort han til eit globalt fenomen.

I fjor slo billettsalet i Noreg alle rekordar. No er det Os sin tur. Publikum kan gle seg til den mest ambisiøse Magic Men-produksjonen til dags dato – større, meir intens og meir kompromisslaus enn nokon sinne.

Dei australske superstjernene er kjende for sine ville show, knivskarpe presisjon og evna til å dra publikum heilt med ut på kanten (og opp på scena!).

Magic Men er ikkje berre eit show – det er ein kveld som kan merkast, forfører, overraskar og riv deg med. Og no er dei for første gong klare til å ta Os med storm.

Varigheit: Sjølve showet varer 2,5 time, inkludert pause.
Billettar: frå 660,-. Billettar kjøper du via Ticketmaster.

OBS! Ekstra stolrader: Til denne framsyninga set vi opp fire ekstra stolrader framfor vårt vanlege amfi. Dette tilsvarar dei fire første radene i salkartet (rad A–D).