
Karius og Baktus
Karius og Baktus er tilbake – og dei er like rampete som alltid!
Opplev dei kjente og kjære tanntrolla som har slått seg ned i munnen til Jens, der dei hakkar, bankar og kosar seg med godteri. Dei er kanskje små, men med eit kraftig forstørringsglas kan vi sjå dei!
Ta med heile familien og bli med på ei morosam reise inn i munnen til Jens, der du får møte dei sprudlande karakterane Karius og Baktus, spelt av Hermine Svortevik Oen og Kristine Alida Grønsdal Netteland.
Dette er ei framsyning som får både store og små til å smile og le!
Møt skodespelarane etterpå! Etter framsyninga blir det ein eksklusiv «meet & greet» med skodespelarane.
Sikre deg billettar i dag og bli med på eit uforgløymeleg eventyr med Karius og Baktus!
—
Varigheit: Sjølve framsyninga varer ca 25 minutt, med ca 20 minutters «meet & greet» etterpå.
Ledsagarar og rullestolplassar: Ledsagarar har gratis inngang. Det er eit avgrensa antal rullestolplassar tilgjengeleg. Kjøp/reserver i resepsjonen eller ved å kontakte
oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no
—
Oseana kafé er open kl. 12:00–16:00 denne dagen. Det er òg open kiosk.