Kniv og taffel – tafler julen inn

Kniv og taffel – tafler julen inn

Etter fjorårets legendariske julekonsert på Oseana har publikum venta på ei gjentaking. No er det endeleg bekrefta: 10. desember er Kniv og Taffel Swingjazzorkester tilbake med si stemningsfulle julekonsert!

Dette fem-mannsorkesteret har i ei årrekke «tafla jula inn» med Django Reinhart-inspirert fiolinjazz. Her tar det av med virtous stringswing og smektande julesongar i jazzversjon, ispedd ei solid dose humor. Publikum drivast ubønnhøyrleg til eufori, og sørger alltid for at neste års julekonsert blir utseld på ein blunk. Her er det berre å skaffa seg billett først som sist!

Musikarane er kjende frå blant anna Real Ones, og flerie av dei har vunne høgthengande jazzprisar som Vossajazzprisen og Nattjazzprisen.

David Vogt – fiolin, vokal
Mads Berven – gitar, vokal
Karl Wallevik – nylonstrengsgitar, vokal
Kristoffer Vogt – kontrabass, vokal
Kåre Opheim – trommer, vokal

Foto: Helge Hansen 

 – – –

Sal: Oseanasalen, sitjande ved runde bord 

Mat før framsyninga: Informasjon om eventuell showmeny kjem snart

Varigheit: Ca 90 minutt

Rullestolplass og ledsagarbillett: Kjøpast i resepsjonen eller ved kontakt (tlf. 917 50 231 / resepsjon@oseana.no). Ledsagar er gratis.