Kreativ verkstad for barnefamiliar – med ArtLab

Kreativ verkstad for barnefamiliar – med ArtLab

ArtLab inviterer til ein kreativ verkstad for måling av trefigurar. Ta med heile familien til ein morosam og kreativ påskeverkstad! Vi måler og teikner med blyantar og tusjar, og lagar flotte påskefigurar. Du kan gje dei til vener eller pynta heime til påske. Samle ein heil samling!   

Høver for barn i alle aldrar, so vel som foreldre. Med ArtLab v/ Konstantin Karunik og Maryna Dmytriuk. Varer frå 13.00 til 16.00, kom når du vil!

Pris: Kr. 50,- pr figur (kjøpast ved ankomst)

Kiosksal av kaffi, te, mineralvatn etc.