Kunstomvising kvar opningsdag i juli

Kunstomvising kvar opningsdag i juli

I juli inviterer vi til kunstomvising kl. 13.00 kvar opningsdag, onsdag til søndag.

Omvisingane er uformelle, dialogbaserte og passar for dei fleste, også barnefamiliar. Dei varer i om lag 45 minutt. Du treng ikkje bestille plass på førehand, og omvisinga er inkludert i vanleg inngangsbillett.

Opplev sommarutstillinga IDYLL
Akkurat no er det sommarutstillinga IDYLL som prydar Grieg Kunstsamling. Her møtest det vakre og det sårbare. Klassiske landskap og stemningsfulle motiv står side om side med samtidskunst som utfordrar førestellinga om det idylliske. Slik opnar vi eit rom for refleksjon: Kva er idyll – og for kven?

Praktisk informasjon:

  • Inngangsbillett: Barn, student og honnør: 50,- | Vaksne: 100,- 
  • Betaling: i resepsjonen eller med Vipps.
  • Opningstider Oseana: Onsdag–søndag kl. 12:00–16:00
  • Servering: Nyt mat og drikke hos Oseana Kafé (Ope 12:00–19:00)
  • Parkering: Gratis parkering i inntil ni timar rett utanfor Oseana 

____ 

Tusen takk til Grieg Foundation for eit godt og verdifullt samarbeid!