Kurt Johannesen – Om sjokoladekake. 12.02, kl. 19.00

Kurt Johannesen – Om sjokoladekake. 12.02, kl. 19.00

Performanceforedraget er knytta til boka ”Om sjokoladekake”, som er bok nr. 16 i serien ”Om noko”. Den er ei vidareføring av ”Om tida si oppgåve”, som ser på endringar og konsekvensar frå tida si inngang og inn i framtidige notidar. Den same forteljinga finn ein i ”Om sjokoladekake”, men her med sjokoladekaka som sentrum. Tida før sjokoladekake, Sjokoladekaka sitt nullpunkt og tida med sjokoladekake blir presentert. Sjokoladekaka si inngang i tida er eit resultat av ein spesifikk kompleks klumping. Kvifor er den her, og kva planer har den for notida og framtidige notider? Dette og mykje anna sjokoladekakeeksistensialisme blir tatt opp i foredraget.
 Etter foredraget serverer vi heimelaga sjokoladekake etter Kurt sin eigen oppskrift.
 

Fri inngang.