Lindy-Fay og Dei Farne

Lindy-Fay og Dei Farne

Lindy-Fay frå Wardruna spelar konsert til opninga av utstillinga Båsen og Breivik saman med bandet Dei Farne. Bandet hentar inspirasjon frå mytar og mystikken i naturen, både på sjø og på land. Ofte frå det vi kan kjenne på oss, men ikkje nødvendigvis sjå med berre auga.

Synth-dronar og flytande melodiar er vovne saman med organiske lydar frå akustisk piano, gitarar, harmonium og perkusjon/trommer, løfta opp av Lindy Fays ekspressive vokalstil. Lindy-Fay Hella & Dei Farne feirar ikkje berre krafta i alle sansane våre og oppmuntrar oss til å søkje magi i omverda, musikken vekkjer også nysgjerrigheit og ei kjensle av undring.

Dei Farne består av Lindy-Fay Hella (vokal) og Roy Ole Førland (Synth/ programmering), med gjester.

Varer ca 60 min


Meir om Lindy-Fay:
Lindy-Fay Hella har gjenoppretta forbindelsen til barndomskjærleiken til synthar og "Black Celebration" av Depeche Mode, og har henta inspirasjon i si vokaleksperimentering frå Dave Gahans allsidige stil. Lindy-Fay er inspirert av tradisjonell joik, og hedrar si oldefarmor og andre samar som lei urett når denne tradisjonelle forma blei fordømt. Å utnytte si vokale kraft handlar ikkje nødvendigvis om å velge dei riktige orda, men heller om å følge bestemte følelsar og bruke stemma som eit instrument.

Offisiell webside