Liszt og Chopin – ein djevel og ein engel – Klaverkonsert med Greg Niemczuk

Liszt og Chopin – ein djevel og ein engel – Klaverkonsert med Greg Niemczuk

Den polske meisterpianisten Greg Niemczuk har gjesta Oseana kunst- og kultursenter ei rekkje gonger. No kjem han tilbake med ein ny, fantastisk konsert. Denne gongen har han teke for seg dei to samtidige romantiske komponistane Liszt og Chopin!

I kveldens program får vi høyre korleis Liszt med sin blendande virtuositet, sin kraftige lyd og sin svimlande spelestil møter Chopin sin poesi, kjenslevarheit og romantikk.

Privat var dei to store, romantiske komponistane vener, men trass i dette var dei svært ulike personlegdomar. Dei var rivalar. «Engelen» Chopin og «djevelen» Liszt!

Greg Niemczuk er ålment anerkjend som ein av dei mest fengslande og mest eksepsjonelle polske artistane i sin generasjon. Han skil seg ut i elitegruppa av pianistar som har all Chopin sin pianomusikk på sitt repertoar.

Konserten varer om lag 2 timar inkludert pause.

Foto: Anna Matlak