Boblershow – Med Bjørg og Dora Thorhallsdottir og Tore Petterson

Boblershow – Med Bjørg og Dora Thorhallsdottir og Tore Petterson

Denne framsyninga er ei salig blanding av standup, song, dans, føredrag og gode historier. Det blir rett og slett fest, fjas, alvor, og ikkje minst nyttig læring!


Her får du konkrete tips om korleis du kan få det betre med deg sjølv og korleis få meir glede i livet. Søstrene Thorhallsdottir deler interessante og morosame historier og Tore Petterson kjem til å syngja og fortelje nært og personleg om sine dyrekjøpte erfaringar i livet. Temaer i standup-delen blir om skilnaden mellom den «kvinnske og mannske» ordboka, og korleis vi knotar og rotar i våre relasjonar. Du kjem til å bli rørt, inspirert og ikkje minst få le – masse! 

Ynskjer du at det boblar og brusar litt meir i blodet ditt? Då er du så hjerteleg velkomen på Boblershow!

Varer ca. 2 timar inkludert pause.