Opera ved fjorden – Sommaropera
FOR 4. ÅRET PÅ RAD INVITERER BERGEN NASJONALE OPERA TIL FINALEKONSERTEN PÅ SOMMARAKADEMIET OPERA VED FJORDEN. STUDENTANE BYR PÅ EIGNE FAVORITTARIAR, OG HØGDEPUNKT FRÅ RHINGULLET AV WAGNER.
Møt unge songarar, orkestermusikarar og dirigentar som ivrar etter å presentere seg sjølve i starten av karrieren! Kanskje er det morgondagens stjerner du møter for første gong?
Denne gongen står høgdepunkt frå Rhingullet av Wagner på programmet, i ei scenisk framføring. I tillegg får du høyre ei rekkje vakre ariar.
Rundt 20 songarar skal vere i sving på scenen. Solistane får følgje av årets akademiorkester, med 28 unge musikarar som spelar saman med proffe gruppeleiarar frå leiande symfoni- og operaorkester i Norden og Austerrike. Konsertmeisteren er Maxim Brilinsky, til dagleg 1. fiolinist i Wiener Philharmoniker.
Dirigentstudentane får også prøve seg i aksjon framfor orkesteret, godt guida i forkant av operasjef Eivind Gullberg Jensen i lag med dirigentkollegaen Sascha Goetzel frå Wien.
Ivar Tindberg er regissør for Rhingullet, og Solveig Kringlebotn er også i år med som ein av dei framståande vokalpedagogane. Ny som lærar i år er den tyske bass-barytonen Albert Dohmen, som er ein kjend tolkar av fleire Wagner-roller, m.a. på festivalen i Bayreuth. Kostymedesignar for Rhingullet er Cathrine Ahlsen.
KVA ER SOMMARAKADEMIET? ?
Sommarakademiet Opera ved fjorden 22. juni – 30. juni 2024 rettar seg mot unge songarar, orkestermusikarar, repetitørar og dirigentar over 18 år som er under utdanning, eller som nyleg er ferdigutdanna. Deltakarane får arbeide med dyktige pedagogar, coachar og dirigentar – alle med erfaring frå store operahus og symfoniorkester.
Konserten varer ca. 3 timar, inkludert 30 minutt pause.