D.D.E. – GRAITEST HITS

D.D.E. – GRAITEST HITS

D.D.E. legg ut på sin første kulturhusturné hausten 2024.

 

Denne hausten legg eit av landets mest folkekjære band ut på vegen med ein konsert litt utanom det vanlege. Framsyninga «D.D.E. – GRAITEST HITS» inneheld eit breitt utval av bandets kjende og kjære låtar, servert i tospann med historier frå over 30 år på vegen!

I meir enn 30 år har D.D.E. laga låtar, spelt og underhalde for det norske folk. Tre–fire generasjonar har sunge med, dansa, ledd og gråte. I heimen, i bilen, i båten, på hytta, og ikkje minst på festivalar og på festlokale. No legg folkefavorittane for første gong ut på ein landsdekkande kulturhusturné, der ikkje berre hitlåtane, men også nokre av dei litt mindre spelte perlene frå katalogen får skine.

Kulturhuskonserten «D.D.E. – GRAITEST HITS» handlar sjølvsagt først og fremst om låtane, men sentral er også Frodes gamle amerikakoffert. Ut av den blir det henta minne og historier, frå turnébussen og øvingslokalet. Det handlar om starten, om å skapa og ville noko, om møte med fans, og ikkje minst ein god porsjon røvarhistorier.

 

D.D.E. – GRAITEST HITS er 90 minutt med trivsel, allsong og gode historier. Velkomen på konsert!