Magnhild Øen Nordahl

Utstillingsopning og kunstnarsamtale, laurdag 5. februar kl. 14.00

Korleis oversetter vi det vi opplever med kroppen sitt sanseapparat til abstrakte konsept? Talsystem, måleeiningar, språk og digitalisering av informasjon brukar standarder som forenklar, kategoriserer og strukturerer ei kaotisk verd.

Billedkunstnar Magnhild Øen Nordahl arbeider med skulptur, youtube-filmar og ulike digitale verktøy for å studere abstraksjonar og korleis dei er med å forme våre omgjevnader. I utstillinga visast skulpturelle installasjonar som særskilt tek for seg 3D-modellen, som er oppbygd av x,y,z koordinatar, algoritmar, geometri og til sist nullar og eittal. 

Utstillinga er resultatet av Øen Nordahl sitt kunstneriske forskingsprosjekt ved Fakultet for Kunst, Musikk og Design ved Universitetet i Bergen. Utstillinga held fram ved Entreé i Bergen sentrum som for høvet er omgjort til eit ope studio der ein kan finne fleire deler av dette forskingsprosjektet under heile utstillingsperioden.

Utstillinga er kuratert av Entreé.