
Norges første astronaut tilbake fra verdensrommet – en kveld med Jannicke Mikkelsen
Velkommen til ein kveld med ei kvinne som drøymde stort og torde å satse, for seg sjølv, for fellesskapet og for framtida.
Jannicke Mikkelsen er ikkje berre Noregs første og einaste astronaut og fartøysjef på den banebrytande romekspedisjonen Fram2. Ho er nyskapande teknolog – kjent for å ha filma på nokre av verdas mest ugjestmilde stader, innehavar av ein verdsrekord og ein unik historieforteljar. Men dette er ikkje først og fremst eit foredrag om utrulege prestasjonar. Det er ei beretning om mot, fellesskap og vår felles framtid.
Jannicke fortel varmt og spennande om si reise – frå mobbing, utanforskap og alvorlege fysiske skadar til den internasjonale verdsscenen, topp-politikk og universet. Om å bryte gjennom glasstak og atmosfære til ei anna verkelegheit. Og om vegen tilbake til eit Noreg som treng å gjenoppdage si pionerånd.
Polarheltar, oljeeventyr og sosialdemokrati. Noregs sjel er oppdagartrong, stå-på-vilje og fellesskap. I verdsrommet gjorde ho det mogleg å forske på helse, matvaresikkerheit og klima og miljø. No festar ho blikket på våre barn og vår felles framtid og er så vidt i ferd med å nå sin neste draum: Å gjere romfart til eit norsk eventyr. Vi har det som skal til: Kunnskap, stabilitet og kreativitet.
Dette er din sjanse til å bli med på eit møte med ein astronaut og ein av Noregs største oppdagarar.
Sikre deg plass til ein kveld som vil gi deg mot, inspirere og røre deg!
___
Jannicke Mikkelsen er Noregs einaste astronaut og var fartøysjef på romferda Fram2, den første bemanna romferda til å krysse begge polområda. Hun har tidlegare satt verdsrekord for raskaste jordomflyging over Nord- og Sørpolen med «One More Orbit». Jannicke Mikkelsen er òg ein anerkjent filmfotograf og regissør, kjent for sine dokumentarfilmar i polare strøk og under vann, blant anna i samarbeid med Sir David Attenborough.
Ho har mottatt fleire prisar, inkludert European Society of Cinematographers Award. I dag driv ho teknologiselskapet o2XR og er rekna som ein av de mest innflytelsesrike kvinnene innan teknologi.
___
Varigheit: om lag 90 minutt
Ledsagarar har gratis inngang. Det finst eit avgrensa antal rullestolplassar tilgjengeleg. Billettar til ledsagar og rullestol får du via resepsjonen – kom innom eller kontakt oss på telefon 917 50 231 / e-post resepsjon@oseana.no