Få bill.Nøtteknekkeren – Kyiv Grand Ballet

Nøtteknekkeren – Kyiv Grand Ballet

Jula er fylt med magiske eventyr, og Nøtteknekkeren er eitt av dei. Opplev den verdskjende balletten i desember, med dansarar frå anerkjende Kyiv Grand Ballet på scena!

Det opprinnelege eventyret «Nøtteknekkeren og musekongen» blei skrive av den tyske forfattaren E.T.A. Hoffman i 1816. Nesten 50 år seinare, skreiv den franske forfattaren Alexandre Dumas ein ny versjon av Hoffman sitt eventyr. Dumas sin versjon blei i 1892 gjort til ein ballett med Peter Tsjajkovskij sin vakre, fengjande musikk og koreografi av Marius Petipa.

Sidan den gong, har Nøtteknekkeren blitt ein av verdas mest kjende ballettar og eit kjært juleeventyr for mange. Kort fortalt er handlinga eit juleselskap som blir til ei reise inn i ei ung jente sin julenattsdraum full av skumle, vakre og morosame scener hvor publikum dras med på ei fantasifull eventyrreise saman med Klara og Nøtteknekkerprinsen. Framsyninga blir årleg oppført på teater- og operascener over heile verda.

Kyiv Grand Ballet er eit balletteater som turnerer i Europa, med klassisk ballett på repertoaret. Dansarane kjem frå ballettane i Kharkiv og Kyiv i Ukraina.

Varer 2 timar inkl. pause.
Anbefalt for eit publikum på 5 år og eldre.