Samlinga veks – nye verk til Griegsamlingen

Samlinga veks – nye verk til Griegsamlingen

I løpet av 2020 og 2021 har Griegsamlingen blitt utvida både med nye kunstnarar, og med verk av kunstnarar som allereie er representerte i samlinga. Med verk som strekk seg over ein tidsperiode frå slutten av 1800-talet til dei siste tiåra, understrekar dei nyaste innkjøpa variasjonen og spennet i samlinga.

Nyinnkjøpte måleri av Harald Sohlberg, Per Krohg, Nils Krantz og Xan Krohn forsterkar betydelege satsingar i samlinga, mens innkjøp av Elisabeth Sinding, Julie de Holmberg Krohn og Hjørdis Landmark viser ei auka merksemd på kvinnelege kunstnarar frå ulike kunsthistoriske epokar. Asta Nørregaard, Lul Krag og Leon Aurdal er ikkje representerte i samlinga tidlegare, mens vi har utvida representasjonen av velrenommerte kunstnarar som Kai Fjell og Eilif Amundsen. Av kunstnarar frå vår eigen samtid presenterer utstillinga arbeid av Lars Elling, Tom Kosmo, Arvid Pettersen og Anne Katrine Dolven.

Til saman dekkjer utstillinga kunsthistoriske stilar og periodar som realisme, nyromantikk, ulike modernistiske strøymingar og samtidskunst. Måleri dominerer, men også grafikk og fotografi er til stades i utstillinga.

Velkomen til utstilling av ei samling i utvikling og endring!

Omvisingar laurdag 29. januar kl. 12.00 og 14.00.