Pubkor
Opplev gleda av å synge av full hals saman med andre på PUBKOR i foajeen!
Dette er kjernen i PUBKOR – vener, naboar, kjente og ukjente som samlas for å synge og ha det kjekt. Ingen skal prestere noko, ingen opptaksprøver, ingen notar – berre rein songglede.
Vi lærer oss ein kjent poplåt på éin kveld, og startar heilt frå scratch slik at alle kan henge med. Her skal vi ha lave skuldre, baren er open og alle er velkomne – uavhengig av bakgrunn,
nivå, ferdigheter eller talent.
Øvinga blir leia av Stine Kobbeltvedt som har over 20 års erfaring som dirigent og har ei egen evne til å få andre til å skine og låte best mogleg. Ho har mellom anna hatt stor suksess som leiar for Fonos, som har solgt fulle hus i Oseana gjennom mange år.
Denne kvelden har ho med seg sin mangeårige samarbeidspartnar Knut Vidar Garlid som er ein av Os sine mest erfarne og dyktigste pianister. Han har jobba som kapellmester og arrangør for dei fleste kora i Os og har lang fartstid som akkompagnatør for både kor og solistar.