Riksteatret: Et glass til
Publikumssuksessen frå Christiania Teater med Sven Nordin, Ingar Helge Gimle, Christian Skolmen og Nader Khademi skal på turné med Riksteatret!
Lærarane Martin, Tommy, Nikolai og Peter slit med både motivasjonen, sjølvtilliten og kontakten med elevane sine. Dei bestemmer seg for å teste teorien om at mennesket er født med ein halv promille for lite i blodet.
Teorien går ut på at alkohol opnar sinnet for omverda og får kreativiteten til å blomstre. Resultatet er oppsiktsvekkande. Både undervisinga og sjølvtilliten forbetrar seg, og vennane begynner for alvor å kjenne seg levande igjen. I takt med at glasa vert fyllt opplever nokre framgang, medan andre sporar av. Det blir tydeleg at alkohol har sine positive sider, men også at den slags dristige forsøk kan ha alvorlege konsekvensar for både jobben og privatlivet.
Stykket er basert på den danske filmen “Druk” som har gjort stor internasjonal suksess, hausta strålande kritikkar og ikke minst vunne Oscar-prisen for beste internasjonale film. “Et glass til” er ei morosam, rørande, og tankevekkande historie om vennskap, fridom, kjærleik – og alkohol.
Sett av 30.000 på Christiania Teater i Oslo.
Publikum og presse jublar:
“Helt unik teatermagi”
Aftenposten, 5
«En forestilling du ikke vil gå glipp av”
Broadway World, 5
«Vitne til noe historisk bra»
Kulturdrops, 6
Speletid: 90 minutt utan pause
På turné med Riksteatret våren 2024
Produsert av Over Norge & StarWorks.
Vert presentert i samarbeid med Nordiska Aps.
Manus Thomas Vinterberg & Tobias Lindholm. Scenisk tilrettelegging Thomas Vinterberg & Claus Flygare. Norsk oversetting Lars Berge. Regi Mattis Herman Nyquist.
Scenografi/lysdesign Øyvind Wangensteen. Lyddesign Lars Hareide Swenson. Komponist Hanne Hukkelberg. Kostymedesign Alva Brosten. Koreografi Josephine Gracia Slåen. Regiassistent Agnes Melinder Stoklan.