
Riksteatret: Ubesvart anrop
Til ungdommen
Ein knapp månad etter terrorangrepa 22. juli skal Rebekka begynne på vidaregåande. Ho kjenner ingen av dei som døydde, og tenkjer at ho burde klare å ta kvardagen tilbake. Ho forsøker å engasjere seg i revyen, i Daniel med det krøllete håret, i festar og skule og vennar. Problemet er berre at ho tenkjer på det heile tida.
«Ubesvart anrop» handlar om å leite etter meining i møte med det meiningslause. Om kor vanskeleg det kan vere å nå ut til kvarandre, og kor viktig det er når vi får det til. Stykket er også ei historie om vennskap som held, og om at det finst vegar tilbake!
Når Riksteatret dramatiserer Nora Dåsnes’ prisløna teikneserieroman 15 år etter 22. juli, er målet å gje unge menneske håp og hjelp til å forstå eiga uro i møte med ei uroleg verd.
Maja Christensen, fra NRKs ungdomssuksess «Rådebank», spelar hovudrolla. Menneska rundt henne vert spelt av Amina Mohamud, Jawad Aziz, Arjan Nilsen og Christina Sleipnes.
Sagt om boka:
«Full av håp (…) en bragd» VG (6)
«En bok som engasjerer, berører og får leseren til å reflektere rundt både kollektive, politiske samfunnsspørsmål og individuelle, eksistensielle spørsmål»
Vinnar av Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris
Urpremiere Oslo, Nydalen 17. september 2026
Turnépremiere i Egersund 22. september 2026
Ungdommar kan oppleve framsyninga gratis gjennom Riksteatrets billettfond. Er
du lærar i 10. trinn og vgs, kan du søke om billettar her: https://forms.gle/wfougJTVUwDdvmMt7
Av Nora Dåsnes.
Dramatisert av Toril Solvang-Kayiambakis.
Regissør Toril Solvang-Kayiambakis.
Scenograf og kostymedesignar Marcus Olson.
Lysdesignar og videodesignar Oscar Frostad Udbye.
Komponist, lyddesignar og musikalsk ansvarleg Ida Flåten Kampenhaug.
Dramaturg Liv Gulbrandsen.
Produsent Bastian Stabell.
Produsert av Riksteatret.
___
Mat før framsyninga: Informasjon om eventuell showmeny kjem
Varigheit: Ca 90 minutt
Rullestolplass og ledsagarbillett: Kjøpast i resepsjonen eller ved kontakt (tlf. 917 50 231 / resepsjon@oseana.no). Ledsagar er gratis.