
Prøysen, Snekker Andersen og Julenissen
Velkommen til ei rotnorsk juleframsyning som vil gje julestemning til heile familien!
I år blir det ein merkeleg og spennande julaftan for snekker Andersen! På veg til vedskjulet for å ta på seg julenissedrakta, kolliderar han med ein annan i julenissedrakt. Han seier han er Julenissen, og kanskje dei skal bytte? Julenissen går til snekker Andersen sine barn og snekker Andersen går til Julenissen sine.
Men korleis er julenissebarn? Er dei veldig forskjellige frå vanlege barn? Og kva i all verden skal dei få til jul? Snekker Andersen tar oppdraget!
Velkommen til ei rotnorsk juleframsyning, som i tillegg til historia om Snekker Andersen og julenissen presenterer mange av Prøysens udødelege songer som «Romjulsdrøm», «Musevisa» og «Julekveldsvisa». Vi
garanterar at julestemninga vil legge seg som eit varmt og godt teppe rundt heile familien!
Og kven veit? Kanskje barna i publikum får treffe Julenissen etter framsyninga?
Av og med Victoria Productions
___
Varigheit: om lag 60 minutt
Ledsagarar og rullestolar: Ledsagarar har gratis inngang. Det finst eit avgrensa antal
rullestolplassar tilgjengeleg. Billettar til ledsagar og rullestol får du via resepsjonen – kom innom eller kontakt oss på telefon 917 50 231 / e-post resepsjon@oseana.no