Familieverkstad: Hjortestubbar

Familieverkstad: Hjortestubbar

Me gjentar suksessen med hjortestubbar! Alle får lage sin eigen hjort.

Velkommen til ein kreativ og hyggeleg familieaktivitet!

___ 

Om familieverkstadene: 

Pedagog Inga S. Søreide instruerer i ulike teknikkar. Verkstaden passar for heile familien, og alle deltakarar får rettleiing
undervegs.

Alt materiale og utstyr er inkludert i prisen, og kunstverka kan takast med heim same dag.

Målet er at foreldre og barn skal skape og oppleve noko saman. Difor må også vaksne deltakarar kjøpe eigen billett for å dekke utstyrskostnader.

Stad: Vargasalen i Oseana
Pedagog: Inga S. Søreide
Antall plassar: 30
Varigheit: 2 timar
Pris: 140,-